S1 richtung Blankenese, € 2,70. Det må vere rett ja, og stoppen: Landungsbrücken. Godt nøgd med at eg kjente det att. Tok rett nok feil trapp ned til gata, men det gjorde eg fleire gongar i fjor og. REWE var der den skulle vere og varekorga vart fyllt med frukt, grønt, kjøt, krydder (som luktar rart), mjølk, havregryn, quarkspeise og frosne bær. Og sjokolade, sjølvsagt, det rekna eg med ikkje var naudsynt å nemne. Einaste som uroa "rutinen"/planen, var at dei var tomme for pakken med miksa bær, så då vart det blåbær. Inne på kjerka møtte eg fleire kjentfolk, både kollegaer og fastbuande (naja, ikkje på kjerka, men i byen) som også hugsa namnet mitt. Biletet av Kinnakyrkja heng her framleis. Den første eg møtte var ein sunnfjording, husmorvikaren, som sa noko om "i tjømda". Det syns eg var gøy :) Ikkje verst å møte på ein sunnfjording som den første eg møter. På spaserturen nedover gata for å ta ein kikk på båtane i nærleiken, kjentes det som det var i forgårs eg gjekk her sist. I stad var eg innom frisøren for å høyre om han kunne hjelpe meg bli kvitt fugleskremselet på hodet, og jammen så hugsa han meg, smilte og sa: "Ah, Du bist es", då han såg meg i døra, før vi eigentleg hadde helst. Hyggeleg det. Var der ein gang i fjor og. Eg er altså i Hamburg, tilbake i eitparvekersvikariat som i fjor, og eg kjenner meg heime.
Hamburg er fint.
Det som manglar i dette stroket er "die Kneipe um die Ecke", men den var der heller ikkje sist. Greidde meg utan då, greier meg utan no. Stroket her er portugisisk/spansk, med gaterestaurantar heile vegen, kun avbrote av danskane, norske vaflar, finnane og svenske "bullar". Elva går rett nedanfor her, og det er ein fin spasertur langs brygga med diverse turistbåtar og privatbåtar, slepebåtar og restaurantar. Det låg jammen ein seglbåt med norsk flagg der og. I går kveld slo eg følge med to svenske pilotar til ein beachbar, dvs opp ei trapp frå brygga hadde dei fylt eit område med sand, palmar og solstolar og bar med noko godt å drikke. I dag har eg eigentleg fri, men nytta høvet til å bli med Gunn Kristin på båtbesøk (må kople om frå "fartøy" til "båt" no) for å friske opp att køyring på havn og ikkje minst neue umleitungen.
I kveld er det fotball. Nordiske unge vaksne, supplert av vaksne og tyskarar, møtes kvar tysdag. Klok av skade held eg meg unna (solid krasj med svær tysker i fjor), men mest grunna kneet som vart skadd på idrettsdagen 15. mai og framleis gjer veldig vondt (har i dag teke steget og bestilt legetime til eg kjem tilbake til Noreg).
Veit ikkje om eg nemnde biletet i fjor, men noko av det første eg såg då eg kom hit første gangen, relativt ferskordinert frå Kinn, var eit måleri av Kinnakyrkja, inne i leseværelset her. Typisk målt frå inngangen mot lektoriet. Dei som sat der då var overraska over at eg visste kor det var frå, dei hadde tenkt det kanskje var fantasi, så då fekk vi klarhet i det.
Elles har eg lyst til å dedisere dette bloginnlegget til min fantastiske veninne Kristin som vart ordinert 21. juni, til stillinga som sokneprest i Eid. Til lukke! Kjekt å vere til stades.
(I mangel på bokprosjekt, så får det duge med blogdedisering.)
God sommar!
T
vikar-sjømannsprest? Sjømanns-vikarprest? sjømannsprest-vikar?
Samma det. Her er eg og skal vere nokre julidagar.