mandag, juli 07, 2008

Kino i Tyx

Om eg ville vere med på Kino? ja, jo, hørtes jo faktisk riktig så hyggelig ut. Aberet var berre tanken på ein ikkje-tysk film dubba til tysk. Har jo sett nokre slike filmar etter kvart. Men tru det eller ei - det går framover i dette landet. Filmen var engelsk og tysk tekst! Jippi! Så då vart det ei ordentleg filmoppleving, og hyggjeleg selskap av assistenten her på norskekyrkja og eittåringen i danskekyrkja. Etterpå vart det is. (Var igrunn fint med tekst, for engelsken var i starten ikkje berre enkel å forstå... snakka fort og på ein dialekt eg ikkje tok alt frå heilt med ein gang.)

Assistenten her er kjempehyggjeleg. I dag har ho hatt meg med på ein grundig runde på havna, slik at eg skal vere best mogleg budd på å køyre rundt aleine. Vi besøkte to Knutsen-båtar, og hadde med vaflar og aviser. Trivelege besøk. Litt kortare avstandar her enn i Rotterdam, men mindre oversiktleg system. Ser ut til å skulle fungere likevel. Har også lært eit nytt vaffel-triks i dag! Det er ikkje reint unyttig i feltprestsamanheng heller. Vaflar på sjømannskyrkja er ikkje berre-berre, altså! Kimsar ikkje av slikt (ref til blogginnlegg frå Rotterdam i fjor (ehm, trur eg). Kva trikset er? Litt vanskeleg å forklare, men går dels ut på å dunke med jernet slik at vaffelen ikkje deler seg på midten, men løsnar anten oppe eller nede.

Og ein festleg ting til: Noko av det første eg ser når eg kjem inn i leserommet her, er eit måleri frå Kinnakyrkja! Og det merkelegaste var at folka her på kyrkja lenge har lurt på kor i all verda det biletet var frå. Det kunne eg jo med glede fortelje. Og assistenten har spelt blokkfløyte på Kinn :)

Har ikkje med overføringskabel til kamera eller telefon, så får ikkje lagt inn bilete her no... Nyt heller bileta frå Kinn inntil vidare.