lørdag, august 23, 2008

Store skuter og Parow






Dei siste vekene har det gått i eitt, og det ser også ut til å skulle gjere det framover. For nokre veker sidan var det Tall Ships Race i Bergen. Det var kjempemoro! Eg var med som frivillig i liaisontenesta, og hadde saman med ein kollega "ansvar" for Grossherzogin Elisabeth. Vart mykje Beffen-køyring den helga, ja. Fascinerande liten sak. Flotte skuter og hyggjeleg sosialt, inkludert tequila-party på ei mexicansk skute...


Helga etter var eg og min sjef i Parow, ein militærleir nær Stralsund i nord-aust-tyskland. Østersjøkonferanse hovudsakleg kring militärseelsorge, men det var også psykologar, legar og offiserar til stades. Det bidrog til spennande samtalar. Fagleg sett var det kanskje litt tynt, men sosialt veldig bra. Eg var ikkje den eldste som syntest barnekroken var eit fint tidsfordriv i påvente av gudstenesta...



Elles er Bergen rett og slett fint. Lærer for tida mykje om sjøforsvarets nye fartøy og det er spennande. Veldig mange kjempebra folk som jobber her også. Bedriftsfotballkamp, "ta sjansen" og sjømaktseminar har det også blitt, forutan planlegging av årets konfirmasjonsopplegg. Det er ikkje alle som veit at vi faktisk har konfirmantar her på sjøforsvarets hovudbase, men det har vi altså som ledd i det kyrkjelege tilbodet til dei tilsette. Når eg først er i gang kan det jo også nemnast at eg både har gimpa og strikka sidan sist. Sistnemnte har eg ikkje gjort på lenge og aldri heilt hatt tak på (anna enn fram og tilbake-strikking, skjer det derimot noko (type miste maske) har eg ikkje kontroll, difor held eg meg oftast til hekling, og no altså også gimping.)

At eg sit og bloggar ein sein laurdagskveld og ikkje er ute, skuldast vond hals og jobbing i morra tidleg. Blir spennande å sjå korleis det går med messinga i morra...