puh
Rotaract-helga var kjempeflott. Hyggelege menneske, god stemning, fin stad. Bållukta sat i hår og klede ganske lenge. Kort og godt vellukka.
ja, kva meir har eg gjort sidan sist?
Litt usikker, eller skal nok kunne rekonstruere, men det er neppe særleg interessant. Men tida har flydd og eg har hatt det travelt. Travelt, men kjekt. Har sidan starten av august sett at tida fram til 28. september skulle bli litt tøff, sidan det skulle gå sånn i eitt, og det har det gjort. Rett nok ser det ut til å vere nok å gjere framover og, men meir helgefri vert det! Neste helg skal eg besøke Anette og Stavanger i samband med Ingeborg sin disputas, helga deretter skal Tove og eg på Nordact i Sverige. Så er det vel Haust-TT på Nesholmen. Det må eg ikkje gløyme å førebu... ups.
I går hadde eg vigsel i Haakonsvern kirke for første gang. Det var ein utruleg fin ting. Fekk nesten lyst til å gifte meg sjølv. Men eg har hørt at det er lurt å finne ein mann først. På kvelden var eg hos Kjersti og åt middag og spelte spel. Er ikkje dumt å kome seg litt vekk frå Briggen.
Førre helg hadde vi oppstart med konfirmantane.
http://www.mil.no/sjo/start/article.jhtml?articleID=166342
Med konfirmantoppstart, vigsel, gudsteneste med eit par barnedåp, samtalar, undervisning, seminar og kurs på kort tid er det ikkje rart at det kjennest som det har gått i eitt.
Har og fått lov til å vere med og spele bedriftskampar igjen. I eine kampen bomma eg på straffe og det var pinleg. Veldig pinleg. Fekk tips om å sparke nede til høgre, og då vart det sjølvsagt for langt til høgre. Men fekk vere med vidare likevel :) Dei er greie med meg!
forresten - denne kom eg over i går. Syns den var litt festleg, sjølv om det er på eiga bekostning.

T

1 Comments:
Endeleg, har venta lenge på det beviset der altså!!!
Legg inn en kommentar
<< Home