rosa helikopter (jaffal "in the air")
å fly helikopter er ikkje noko eg gjer kvar dag. Men i går flaug eg mykje! (Det var ikkje rosa...) Har vore i Mandal nokre dagar og besøkt kollegaer som er mykje der i samband med dei nye MTB-ane som blir bygd i Sørlandsbyen. Kjempetrivelege folk! To dagar på sjøen og ein i lufta. Eg fekk sitte på då verftet hadde inne eit helikopter i samband med testing. Gøygøy. På ei drivstoffyllelanding (uhm... det der kan bli misforstått) rakk eg også ein kjapp kaffikopp hos feltprestkollega på Kjevik. Vi flaug Mandal - havet - Kjevik - Mandal - havet - Kjevik. Flott å sjå Storm frå lufta.
...men når alt kjem til alt, så kan det ikkje matche å få sitte på med MTB! Pilotane var også veldig imponert over desse nye fartya i sjøforsvaret - og det har dei god grunn til å vere. Forutan å vere imponert over fartya er eg også imponert over mannskapa.
I går kveld måtte det returnerast til Bergen, og i dag har eg hatt vigselssamtale og dåpssamtale. Kjekt å få kome så nær innpå andre menneske sine liv og kunne få bidra inn i store hendingar for dei. Litt spes igrunn. Men utrulig fint. Får berre håpe både vigselen og dåpen går bra!
Har ein spennande jobb!
Elles var eg på Nesholmen førre helg. Stas! Lurer på om det er den kjekkaste konfirmantleiren eg har vore på. Flotte konfirmantar, kjekke og flinke leiarar å vere saman med. Ein forelder tok meg for kanskje å vere konfirmant, men det er eg vant med. Fekk jo høyre det etter ei gravferd for eit par år sidan også: "oi, var det du som var presten? beklager at eg ikkje helste på deg då eg traff på deg før gravferda. du såg jo ut som ein konfirmant." Kan leve med det. Nesholmen er jo også noko for seg sjølv.
I morra går turen til Askøy for Rotaract-helg!

3 Comments:
Måtte du velge så hadde du nok valgt pannekakene...
pannekaker blei det jo uansett onsdagskvelden :) Kjempegode!
Det høyrest uansett ut som du har nok å henga fingrane i...
Men du får jammen vera med på mykje forskjellig og, ikkje nett noko kjeldeleg jobb!
Legg inn en kommentar
<< Home