plötzlich...
...wird der Himmel völlig dunkel. Es blitzt und donnert. Es regnet in strömen und wir werden durch und durch nass.
Og plutseleg er ferien nesten over.
Siste veka i Hamburg fekk eg endeleg brukt ein av mine favorittsetningar. Den er sett saman av diverse frå boka vi hadde på ungdomsskulen, truleg første året då vi berre hadde lært presens. Vêret var slett ikkje så ille heile tida. Det var faktisk litt digg med litt regn og kjølegare vêr nokre dagar.

Ein kveld forstod vi at det var eitt eller anna på gang, og vikargjengen tusla ein tur i nærområdet og fann ut at det var tysk Schlagerfestival! Artigartig. Store lastebilar dedikert ulike Schläger. Sjølvsagt passerte også den knallraude gummibåten :)

"Alle" ser vel at det ligg ein amerikansk kryssar bak der, sant? Ein dag eg gjekk langs brygga skimta eg noko gråmalt innimellom og bak andre farty.

Plötzlich var og vekene i Hamburg over. Takk til alle som var med å gjere det til gode veker, kollegaer, sjøfolk, turistar, fastbuande, tyske vener og kjende. To tyske feltprestkollegaer fekk eg også møtt att. Kjempetriveleg! På veg til ho eine tok eg toget til Eckenförde. Det viste seg at det var billegare å kjøpe dagsbillett for området, der fem personar kan reise på same billett, enn å kjøpe to enkeltbillettar, og når ein då på toget møter nokre forvirra turistar som ikkje hadde kjøpt på førehand og som svært takksame blir med på billetten min, og betaler 2/3 av prisen, vert det ei billig reise. Sånt kan eg like.
Tysklandsopphaldet vart avslutta med nokre dagar i "residensen" i Berlin. Berlin er ein flott by. Rett og slett. Den har mykje å by på, og grønare storby skal vi leite lenge etter. Sidan byen er besøkt før, var det ikkje noko som absolutt måtte gjerast. Det gav opphaldet eit godt utgangspunkt. Besøkte det relativt nye DDR-museet (eg liker små museum...), tok ein tur i Berliner Unterwelten (det var interessant) og til ei Luftbrückeutstilling drive av eldsjeler ved Tegel. Seine kveldar på terrassen med Rotkäppchen både med og utan sprudel. Erdbeertorte vart konsumert og "Restaurant Rosario" besøkt. Nais.
Vel tilbake i Noreg vart det ein snartur på hytta. Har ikkje vore der meir enn eitt døger i året dei siste tre-fire åra, så kjekt med ein tur ut. Ein kjapp fisketur resulterte i ein flott fisk, og ferskare steikt torsk skal eg leite lenge etter. Kjempegodt!

Etter nokre dagar heime vart det køyretur til Røros-traktene, med Strynefjellet, Femunden og Sognefjellet som flotte naturopplevingar, før mamma, pappa og eg tok eit døger til på Reksta. Så i år har eg "skeia ut" - heile to døger på øya!

Trabanten er olja og polert, og blåbær er plukka og kokt til syltetøy, så no gler eg meg til pannekakefrukost hos Tove og Sylfest søndag morgon.
Ein oter tok turen på kaia i Rognaldsvåg til underhaldning for oss som var der. Diverre brukte eg feil funksjon på kamera og fekk ikkje fanga den godt i linsa trass mange høve for det.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home